4,9 millionar til ME-forsking

Kavlifondet forlenger samarbeidet om biomedisinsk forsking på ME med legane Øystein Fluge og Olav Mella.
Sidan 2011 har Kavlifondet støtta den biomedisinske ME-forskinga på Haukeland Universitetssjukehus. Nyleg kom gladmeldinga om at Kavlifondet forlenger samarbeidet med Olav Mella og Øystein Fluge sitt forskingsteam ved kreftavdelinga også for 2017/2018.
- Ingen anna sak Kavlifondet støttar har vakt meir merksemd enn ME/CFS-forskinga der vi bidrar med ein betydeleg sum. Sjukdommen er eit mysterium, og svært mange menneske lir under sjølve sjukdommen, men òg av stigmatisering og ukunne. Vi håper at Kavlifondets bidrag kan føre til svar på kva ME er, seier dagleg leiar i Kavlifondet, Inger Elise Iversen.
Les mer - Kavlifondet.no