Nye millionar til ME-forsking på Haukeland

Kavlifondet vidarefører sin støtte til ME-forskinga ved Haukeland universitetssjukehus. Det nye bidraget for dette året er på 4,75 millionar kroner.
Forskingsgruppa for ME ved Kreftavdelinga gjennomfører for tida to kliniske forsøk for å undersøke behandlingseffekten av kreftmedisinane rituximab og cyklofosfamid. Rituximabstudien er ein nasjonal studie som omfattar pasientar og behandlingssentre i alle helseregionane.
Bidraget frå Kavlifondet gjer det mogleg å gjennomføre laboratoriearbeid for å lære meir om sjukdomsmekanismane bak ME/CFS, både ved laboratoria på Haukeland, og i samarbeid med Universitetet i Bergen og Oslo Universitetssykehus.
Les mer Her: Helse Bergen