Møter - Hordaland.

VELKOMEN TIL KURS I BASAL KROPPSKJENNSKAP I BERGEN!
Kursleiar: Fysioterapeut Ruth Fjose Steinstø.
Dag: Torsdag 16. februar kl. 11.30 - 15.00
Stad: FFO sine lokaler i Åsegården 7-9, 3. etg.
Pris: Kr. 330,- BETALAST DIREKTE TIL KURSLEIAR! (evt. faktura)
Ruth er utdanna fysioterapeut med vidareutdanning i Basal Kroppskjennskap (BK). Ho har tidlegere jobba som fysioterapeut for personar med ME på Hagahaugen og ho har forelest på meistringsgrupper for CFS/ME på LMS.
Basal kroppskjennskap fremjar helse gjennom rolege bevegelsar. Under ei bevegelsesøkt startar ein alltid med å landa (avspenning), før ein går vidare med rolege bevegelsar liggjande, deretter sitjande, ståande og gåande. Bevegelsane stimulerer til betre balanse (fysisk og psykisk), frigjering av pusten og eit auka mentalt nærvær. Ein øver på å vera her og no, gjennom kroppen.
Basal kroppskjennskap har vist seg å vera veldig godt eigna for personer med ME.
Kursdagen er lagt opp slik:
Kurs: kl. 11.30 - 13.00
Pause: kl. 13.00 - 13.30
Kurs: kl. 13.30 - 15.00
Du må sjølv ta med matpakke og evt. drikkeflaske. Kaffe og te vert tilberedt på Fi-senteret.
Ruth tek med nødvendig utstyr som matter, små nakkeputer, pøller (til å ha under knea dersom du har vond rygg) og pledd. Dersom du synes at du treng ekstra godt underlag kan du ta med ekstra liggeunderlag og/ eller pledd. Det er bra om du har på deg lause klede som ikkje strammar (spesielt rundt midjen) og hvis du er frostig kan du ta med tjukke labbar og ein gensar til bruk under avspenninga.
Påmelding og evt. meir informasjon til:
Ruth Fjose Steinstø
Tlf. 90 07 14 53
Mail: ruth.fjose@kvamnet.no